American Empire

To venner eig og driv ein elvebåt i lag. Men kundane etter borgarkrigen har blitt færre, og den eine av dei traktar etter noko nytt. Eit møte med ein kriminell gir dei ein ide om korleis dei kan skaffe seg gratis kyr på lovleg vis.

Draumen er å kjøpe så mykje land for pengane som salet av kyrne gir, at dei kan bygge sitt eige imperium.

American Empire er ein relativt kort film med tanke på dei mange åra med historie han fortel. Totallengda er på 80 minuttar. Når det gjeld filmar som fortel om bygginga av ei stor formue, og gjerne ein nedtur som følgjer, så er eg van til at dei kan strekke opp mot to og ein halv til tre timar.

Den korte tida betyr at filmen trår til med lite dødtid, store hopp i tid og korte og innhaldsrike samtalar som er direkte og rett på sak. Bilde- og lydekvaliteten som Viaplay hadde å by på til denne filmen kan tyde på at dette var ein tittel for å fylle opp katalogen. Det var grumsete og uklart.

Filmen evnar ikkje å gripe. Han forhastar seg på ein slik måte at dei viktige scenene verkar uviktige. Samtidig gjer den tekniske kvaliteten det vanskeleg å få med seg alt som skjer. Rangeringa mi av filmen til 2/5 er ei totalvurdering av både innhald og det tekniske i mitt møte.

American Empire 1942 plakat - Filmdagbok