American Gangster

Først og fremst vil eg stadfeste mitt forhold til Ridley Scott som regissør. Eg har med god grunn danna meg eit inntrykk av at enkelte tilber han for blant anna Blade Runner, Gladiator og Alien. Gode filmar, det må eg få påstå, men eg har vanskeleg med å favorisere mannen som også har laga Black Hawk Down og Kingdom of Heaven. Det går stort sett i å finne fram til resten han har laga med ope sinn og ta det som ein kva som helst film, slik gjorde eg med American Gangster.

American Gangster kan grovt delast inn i to parallellar, der Denzel Washington på si side har føtene i narkotikamiljøet har Russell Crowe har sine i politiet. Basert på den sanne historia om framgangen til Frank Lucas og den respektive etterforskinga leia av Richie Roberts, forventa eg som opningsteksten hinta til ei handling med rot i verkelegheita.

Film skal helst gi litt ekstra synst no eg, det gjer American Gangster godt, eg hadde likevel ikkje forventa meg at han skulle gå så grundig til verks med detaljane helt i frå starten av, noko som førte til at den første stunda gjekk tungt for seg. Etterkvart kom eg på betre tankar, då eg eigentleg ikkje hadde noko å utsette på det som blei gjort og stykka byrjar forme et større bilde, kom eg til ro med at lengda strekker seg til oppunder tre timar. Her ligg styrken til American Gangster, viss tittel kan by på forventningar til litt av kvart, faktisk fortel historia til ein amerikansk gangster på grundig vis og gjer seg fortent til tittelen. Her blir alle korta lagt på bordet etter kvart, så mange at du klarar å halde styr på dei utan å sovne på grunn av manko.

Eg må innrømme at eg ikkje følgde alt som skjedde i starten, kvifor får Richie Roberts kritikk for å vere ein eksemplarisk politimann? Svaret gav seg etter kvart. American Gangster kan verke som han haster med einskilde småting i blant, bevisst gjort, før han kjem tilbake med ei forklaring seinare. At handlinga finn balansen i å dramatisere utan å overdramatisere gjer at det blir fint lagspel mellom å vere basert på ei sann historie og filmhandlinga.

Alt i alt er American Gangster ein god film, det er vanskeleg å be om meir, forutan at han er lang. Tre timar er uansett innhald i lengste laget.

Eg sluker det meste eigentleg, har få fordommar, men må innrømme at det skal litt ekstra til for krim basert på sanne hendingar å utmerke seg.

American Gangster 2007 plakat - Filmdagbok

Publisert

8. februar 2008 av

Regissør

Ridley Scott

Manusforfattarar

Steven Zaillian, Mark Jacobson (III)

Skodespelarar

Denzel Washington, Russell Crowe, Chiwetel Ejiofor, Josh Brolin, Lymari Nadal, Ted Levine, Roger Guenveur Smith, John Hawkes (I), RZA, Yul VazquezVis alle 216 skodespelarar

Sjangrar

Biografi, Krim, Drama, Thriller

Land

USA, Storbritannia

IMDb

IMDb-side om American Gangster