American Graffiti

Filmen med det beste lydsporet eg har høyrt på veldig lenge, George Lucas har skote gullhøna her, eller lagt gullegget? Eg har framleis tilgode å bli skuffa over nokon av filmproduksjonane hans.

Historia her er ikkje så komplisert i grunn. Original og veldig god på sitt område. Filmen er brukt som referanse i fleire filmar og seriar i ettertid. Vel verdt å sjå på grunn av det. Og på grunn av påverknaden han har hatt, så vil eg skryte litt ekstra over filmen.

Bra er ikkje bra nok i mi totalvurdering av American Graffiti, her går det mot den absolutt anbefalt.

American Graffiti 1973 plakat - Filmdagbok