American Gun (2005)

Film / 23. august 2006
4/5

Det blir vanskeleg å samanlikne denne med andre filmar eg har sett dei siste vekene, eg har sett mykje godt, men denne gjorde ekstra inntrykk, så i ein heilskap er det noko av det betre eg har sett i det siste.

American Gun er samansett av fleire små historier som føregår parallelt, iallfall reknar eg med det ettersom ingenting anna er forklart. Det er tre år sidan ei skuleskyting i Virginia, og samfunnet er område er framleis svært prega av hendinga. Me følger en politimann involvert og familien (mora og broren) til den ene skyldige. Samtidig ein annan plass følger me rektoren på ein svart skule, det vil sei på en skule der det stort sett er svarte elevar, samt en av elevane der. Som en tredje historie følger me en bestefar som driv en våpenbutikk, og barnebarnet hans.

Med desse historiene blir det vinkla mot våpen på vidt ulike måtar, og bruken av dei. Det er to sider som går igjen, og det er dei som bruker våpen som verne og dei som bruker det på den ekstreme måten. Slik sett blir det ikkje nødvendigvis et utelukkande negativ på våpenkulturen. Endå det kan seiast at et samfunn utan tilgang til våpen som det er i USA nok ville ha letta livet til mang ein person.

Sjølv tykte eg filmen var svært så gripande og følte meg skikkeleg engasjert i enkelte scener. På ein måte fortset den der Elephant enda, tre år etter, men det er viktig å nemna at dette ikkje er en Gus Van Sant-film. I tillegg blir det også retta et blikk mot våpenkvardagen i dei meir kriminelle (og gjerne svarte) områda. Det blir på ingen måte prøvd å vinkla som ein dokumentar, men er et rent drama. Eit drama som verkeleg fangar merksemda, og heller ikkje gjer skam på skodespelarfronten. Marcia Gay Harden gjer ei god rolle som en overarbeida mor med svært mykje å passe på. Donald Sutherland har en heller mindre og roleg rolle, men passar godt som eigar av våpenbutikk og bestefar. For ikkje å gløyme Forest Whitaker som rektor på ein svært krevjande skule. Eg har heller ingenting å utsette på mindre kjente ansikt, dei fyller rollene sine godt nok.

Som skikkeleg stemningsskapar opplevde eg dette som både godt drama og en liten tankevekkar i kvardagen.

American Gun 2005 plakat - Filmdagbok

Regi

Aric Avelino

Manus

Steven Bagatourian, Aric Avelino

Skodespelarar

Marcia Gay Harden, Forest Whitaker, Donald Sutherland, Lisa Long, Chris Warren, David Heymann, Chris Marquette, Amanda Seyfried (I), Nikki Reed, Joseph Kell

Sjanger

Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om American Gun

Forfattar