American Pie 2 (2001)

Film / 28. august 2013
4/5

American Pie var en stor suksess og at American Pie 2 kom to år etter var ingen bombe.

Første år på college er over og forutan Oz (Chris Klein) sitt har liva stort sett stått stille. Ein lang og kjedeleg sommar, grunna politiet sitt aktive arbeid mot private festar, står for døra da Kevin kjem med ideen om å leige et sommarhus ved innsjøen Lake Michigan. Der bestemmer dei seg for å jobbe og feste seg gjennom tolv veker, noko Kevins bror (Casey Affleck returnerar her i sin ukrediterte rolle frå American Pie) gjorde. Jobbing åleine kan ikkje dekke utgiftene og Stifler (Seann William Scott) må bli med, takk og pris, utan denne bølla hadde spesielt American Pie 2 vore merkbart mindre moro.

American Pie 2 når ikkje opp til den første. Filmen involverer ikkje alle på like godt grunnlag som den første. Dette betyr ikkje at eg misliker American Pie 2, som mest sannsynleg er den filmen eg har sett nest mest gonger i løpet av livet mitt.

Tema her er mellom anna å bli vaksen, et møte desse ungdommane stod overfor i American Pie, men som fleire av dei strengt tatt har skyvd litt framfor seg gjennom første år på college. Det handlar om å innsjå at livet er i ferd med å forandre seg og det som var viktig tidlegare ikkje nødvendigvis bidrar til lykke for dei no.

Dette sagt, American Pie 2 køyrer høgare tempo, fleire tullete komiske innslag og meir festing. Serien kunne ha tent seg med å stoppe etter denne, da det er en verdig nok avslutting. For dei spesielt interesserte er det gøy å sjå at både Adam Brody og Nora Zehetner dukkar opp som high school guy og girl at party tidleg i filmen, blant dei første rollene til begge.

American Pie 2 2001 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

American Pie

Regi

J.B. Rogers

Manus

David H. Steinberg, Adam Herz

Skodespelarar

Jason Biggs, Shannon Elizabeth, Alyson Hannigan, Chris Klein, Thomas Ian Nicholas, Natasha Lyonne, Tara Reid, Seann William Scott, Mena Suvari, Eddie Kaye Thomas

Sjangrar

Komedie, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om American Pie 2

Forfattar