American Pie

I 1999 kom brørne Paul Weitz og Chris Weitz i lag med Adam Herz ut med ein av dei meir vellykka tenåringskomediane sidan den moderne varianten av sjangeren oppstod på starten av 1980-talet.

American Pie er, ved sidan av å vere filmen eg har sett flest gonger i livet mitt, ei vellykka blanding av på kanten-humor og hjarte. Her får me for første gang møte Jimbo (Jason Biggs), Kevin (Thomas Ian Nicholas), Finch (Eddie Kaye Thomas), Oz (Chris Klein) og Stifler (Seann William Scott). Desse gutane er faretruande nær å fullføre high school som jomfruer og inngår ei pakt om å støtte kvarandre til å pakke ut pikken og faktisk bruke den, sitert Steve Stifler.

Sidan 1999 har American Pie-franchisen gitt oss åtte filmar. Fire med folka frå denne filmen, og fire avspinnarar. Siste tilskot kom i 2012 med American Reunion, som samla alle for første gang på over ti år. Sidan den gongen er også American Pie den filmen eg har sett flest gonger i løpet av mitt liv.

American Pie byr i all enkelheit på fire delvis ukontrollerbare tenåringsskjebnar, nokon meir enn andre, som blir prøvd overvunne. Jimbo fungerer som hovudperson og bindeleddet i filmserien, og gir oss den ene flaue episoden etter den andre, episodar me kan trekke lærdom av viss me legg veldig mykje kreativt tankearbeid i prosessen. Far til Jim er ein morosam hjelpar her som mellom anna tar far og son-samtalen til dei grader ut av proporsjon og legg ny meining i ordet skjønsam.

Kevin er den i gjengen som allereie har kjærast og ventar på den rette stunda for å ha sex. Finch er rar, men smart og Oz er sportsfyren som prøver å bli følsam for å vinne damer via utappa ressursar som eksempelvis koret til skulen. I den første filmen skal desse tre absolutt ikkje oversjåast, men det vil vere uheldig å bruke for mykje tid på å fortelja deira personlege sider frå ein film som American Pie.

Det flotte med filmen ved sidan av at den byr på mange morosame augneblinkar er at han tar for seg ei veldig viktig side ved å vere tenåring: Å finne ut kven du er og kva du vil. At karakterane her har ulikt hell på område betyr lite. Når dei 90 minuttane filmen varer er over sit eg ikkje igjen med kjensla av å ha sett ein rølpete komedie. Sjølv om fleire av dei komiske augneblinkane her strengt tatt er på kanten til usmakeleg, opplever eg American Pie som betre enn nyare National Lampoon-filmar eller avspinnarserien til American Pie, American Pie Presents.

American Pie Presents er ei rekke filmar som strengt tatt har lite med dei kanonfilmane til American Pie å gjere.

Historiene til karakterane har komme gjennom skalet og vegen gjennom dei tre siste vekene av high school går i behageleg tempo der viktige trinn undervegs får akkurat nok merksemd.

American Pie 1999 plakat - Filmdagbok

Publisert

27. august 2013 av

Merkelapp

American Pie

Regissørar

Paul Weitz, Chris Weitz

Manusforfattar

Adam Herz

Skodespelarar

Jason Biggs (I), Jennifer Coolidge, Shannon Elizabeth, Alyson Hannigan, Chris Klein, Clyde Kusatsu, Eugene Levy (I), Natasha Lyonne, Thomas Ian Nicholas, Chris Owen (I)Vis alle 104 skodespelarar

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om American Pie