American Psycho

2000 / Film
20. juli 2004
4/5

American Psycho er ein stilfull film av god klasse, med eit tidspreg av 1980-talets luksuriøse motar, utan at det tek heilt av.

Filmen er basert på ei bok av Bret Easton Ellis, som har skrive fleire gode bøker om mørke og dystre sider i kontrast med rike og hippe personlegdomar og miljø.

I American Pyscho spelar Christian Bale ein rik investor som er oppteken av å vere best i alt, og som skjuler ein psykotisk drapsmann av eit alter ego.

Filmen er nok meir humoristisk enn forstyrrande. Og med humor av det svarte slaget går filmen rett heim hjå meg. God film.

American Psycho 2000 plakat - Filmdagbok