American Reunion

Film / 2012
3/5

American Reunion er den fjerde American Pie-filmen, om du ser bort frå American Pie Presents-filmane. Det har gått ni år sidan Jim og Michelle gifta seg i American Wedding. Sidan den gongen har vennene flytta både hit og dit, og det er ein spreidd gjeng som møtes igjen.

American Reunion er filmen som eg aldri trudde at skulle komme. For mange år sidan fantaserte eg om ein slik film. Det sagt, eg har drøymt om American Funeral også, berre som eit påskot til å samle ensemblet i nok ein film.

Det er to måtar å sjå American Reunion på: Med dei andre filmane i tankane, eller utan. American Pie-filmane er nok den franchisen eg har sett flest gonger siden 1999. Så eg er trygt plassert i første kategori. Eg har gledd meg lenge, men ikkje forventa for mykje. American Wedding var heil grei på sitt beste.

Det var mange spørsmål eg hadde i forkant av filmen, og han svarte på dei fleste. Det er ikkje alle som har hatt kontakt sidan sist, og me får vite kva dei ulike har drive med når dei møtes. I motsetnad til American Wedding er alle på plass her: Jim, Kevin, Oz, Finch og Stifler. Det ser også ut til at dei fleste mindre rollane frå dei to første filmen dukkar opp.

Handlinga er lagt til helga rundt bryllaupsfesten. Det blir tid til andre festar og drama i forkant av sjølve gjenforeininga. Her får gamle vitsar ny innpakning. American Reunion er nøysamt sett saman, det er mykje som har fått plass og det glir lett inn i handlinga.

Eg gledde meg over filmen. American Reunion viser at han tar dei førre filmane på alvor. Det er plass til reflektering, utan at humoren vik unna.

American Reunion 2012 plakat - Filmdagbok