American Splendor (2003)

Film / 17. juni 2004
4/5

American Splendor blandar livet til teikneserieforfattaren Harvey Pekar med den sjølvbiografiske teikneserien hans, American Splendor.

Forteljinga om Pekar er av tragikomisk sort. Han er ein artig fyr å følge, men framstår også som grå og trist.

Slik filmen blandar adapsjonen av teikneserien med forteljinga om livet til Pekar, blandar forsøk på realisme og klare filmatiske trekk seg også. Hensikta kan vere å gjere oss klar over grensa mellom fiksjon og realisme i teikneserien til Pekar, samtidig som det gjer oss klar over at American Splendor like fullt er fiksjon og ikkje dokumentar.

Filmen er etter trongen til å analysere og dømme, både til ettertanke og god underhaldning.

American Splendor 2003 plakat - Filmdagbok

Regi

Shari Springer Berman, Robert Pulcini

Manus

Harvey Pekar, Joyce Brabner, Shari Springer Berman, Robert Pulcini

Skodespelarar

Chris Ambrose, Joey Krajcar, Josh Hutcherson, Cameron Carter, Daniel Tay, Mary Faktor, Paul Giamatti, Harvey Pekar, Shari Springer Berman, Larry John Meyers

Sjangrar

Biografi, Drama, Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om American Splendor

Forfattar