American Wedding (2003)

Film / 29. februar 2008
3/5

Eit par år etter American Pie 2 kom American Wedding. Det er klart ut i frå plakaten kven som skal gifte seg. Synd for deg om du såg på bildet, så no kan du like godt lese vidare.

College er over, utan så mykje om og men. Kva som har skjedd med folk sidan sist har blitt neglisjert og nysgjerrigheita den hardbarka fansen måtte ønske stilt blir aldri gjort særleg med. Fleire av birollane har blitt fjerna fordi skaparane ikkje kunne finne gode historier til dei, Oz (Chris Klein) er det einaste tapet, grunna andre innspelingar i dette tilfelle, som er verdt å trekke ned for. Han utgjorde trass i alt ein fjerdedel av den harde kjerna i dei to første filmane. I staden har Stifler (Seann William Scott) blitt henta inn i større grad. Kva han har gjort siden American Pie 2 blir aldri diskutert, men det er klart at han kombinerer bussjåføryrket og ein trenarjobb for high school-fotball.

Det er altså bryllaup på gang, Jim (Jason Biggs) og Michelle (Alyson Hannigan) skal gifte seg. Per definisjon av tenåringskomedie skil altså denne tredje filmen seg ut, men beheld Jim som meisteren av flaue scener, kvalme innslag med Stifler og spenninga mellom Finch (Eddie Kaye Thomas) og Stifler grunna mor til Stifler (Jennifer Coolidge). Kevin er til stades, men gjer aldri noko viktig.

Kombinasjonen av bryllaup og tullete humor fungerer ikkje så altfor bra, fleire av karakterane er blitt kjedelege med alderen. Den nemnde spenninga mellom Finch og Stifler utviklar seg til å bli konkurranse når den fine søstera til Michelle dukkar opp. Her byr filmen på si beste sidehistorie.

American Wedding har eg berre sett ein gong tidlegare. Filmen har ikkje spesielt høg gjensjåingsverdi, men går glatt ned som midt på treet humor. Eg blir i det sentimentale hjørne av å sjå American Wedding. Eit hjørne som tidlegare var reservert slutten av American Pie 2. Sentimentaliteten bli blanda med vonbrot over at dette aldri går spesielt i djupna på nokon av karakterane sine og at oppbygginga av historia rundt bryllaupet er ribba for originalitet. Oppbygginga er denne:

  1. Møte og imponere svigerforeldre.
  2. Utdrikkingslag.
  3. Kaos før bryllaupet.
  4. Lykkeleg slutt.

Filmen har ikkje så mykje han vil fortelja av meining som dei førre. Å velja bryllaup som senteret til filmen er å flytte seg i naturleg retning når det gjeld dei store augneblinka i livet. Men kor blei det av avgangsfesten ved college opp i alt dette? Dei har vakse i frå den tidlegare og viktige ideen om å ta det neste steget, men eg meiner at det neste steget og fullføring av college hadde gjort seg betre. Likskapen til fullføringa av high school, samt korleis historiene skulle ha blitt fletta saman på tvers av avstandar, hadde vore artig.

Eg vil ikkje trekke American Wedding ned i driten. Over åra har eg blitt for glad i karakterane og skodespelarane til å avsjå filmen fullstendig. Men filmen har fatale manglar og heng dårleg saman med resten av serien. Som avslutning er han også berre halvt verdig. Han legg seg på eit nivå altfor mange andre tenåringskomediar gjer, viss me igjen skal inkludere han i sjangeren. Som komedie byr han likevel på nokon minneverdige scener. Og når det gjeld filmseriar er eg tilhengar av å køyre løpet fullt ut.

American Wedding 2003 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

American Pie

Regi

Jesse Dylan

Manus

Adam Herz

Skodespelarar

Jason Biggs, Seann William Scott, Alyson Hannigan, Eddie Kaye Thomas, Thomas Ian Nicholas, January Jones, Eugene Levy, Molly Cheek, Deborah Rush, Fred Willard

Sjangrar

Komedie, Romantikk

Land

USA, Tyskland

IMDb

IMDb-side om American Wedding

Forfattar