Amores perros (2000)

Film / 13. september 2007
4/5

Tre historier er knytt saman på en ikkje altfor openberr måte, men elegant og godt så det ikkje blir tre kortfilmar. Alle har til felles at dei handlar om kjærleik, på ulikt vis.

Amores perros er ein film som er vanskeleg å skildre for å få fram den gode sida. Når den pågår blir en sittande å ta inn inntrykk og kjensler i mengdevis, i ettertid er det mange tankar som svirrar. Lysta til å snakke direkte med andre om filmen hadde eg ikkje, det var ingen wow her og der til å gjengi. Heile filmen var for viktig til å trekke fram enkeltepisodar.

Vit at Amores perros er animalsk brutal, sårande ekte, menneskeleg smart og så mykje meir som dannar til saman er med å danne et kompleks miljø, som vidare får en til å sette tanken om at det faktisk er ein film i andre rekke.

Amores perros 2000 plakat - Filmdagbok

Regi

Alejandro G. Iñárritu

Manus

Guillermo Arriaga

Skodespelarar

Emilio Echevarría, Gael García Bernal, Goya Toledo, Álvaro Guerrero, Vanessa Bauche, Jorge Salinas, Marco Pérez, Rodrigo Murray, Humberto Busto, Gerardo Campbell

Sjangrar

Drama, Thriller

Land

Mexico

IMDb

IMDb-side om Amores perros

Forfattar