Amundsen

Amundsen var ein film eg vurderte å sjå på kino, men til slutt stod over. Og det er eg i grunn glad over. For dette er biografisk plankekøyring av gjennomsnittleg art. No når filmen var hamna på strøyming var det rom for å sjå han.

Eg veit berre litt om Roald Amundsen, og det er brotstykker og dei store linjene. Å få livet hans servert i samanheng, pluss ei oppfrisking av dei store linjene, var forventingane mine til filmen. Og her leverte han.

Utover dette er Amundsen ein film som vel ei svært dramatisk retning. Han legg trykk på alle dei typiske situasjonane og menneskelege trekka du kan forvente for å oppnå dramatikken. I det store og heile er det ein føreseieleg film i eit vant format. Åleine så er ikkje det så dumt, eg kan setje pris på ein film som byggjer på klisjear. Men det er noko med formidlinga til Amundsen som gjer det heile så sjølvhøgtideleg, samtidig som det faktisk er litt kjedeleg, at det ikkje klaffar.

Eg vel likevel å gi filmen ein gjennomsnittleg god karakter. For sjølv om lydkvaliteten var så som så, og filmen var umogleg å sjå utan teksting, så levda han elles opp til forventingane mine. Og det skal seiast at sjølv om han var litt kjedeleg i forma, så gjekk det ikkje over streken til at filmen verka lang. Noko som han eigentleg er med over to timar speletid.

  • Amundsen 2019 plakat - Filmdagbok
  • Amundsen 2019 plakat - Filmdagbok
  • Amundsen 2019 plakat - Filmdagbok
  • Amundsen 2019 plakat - Filmdagbok