An Evening with Kevin Smith 2: Evening Harder

Film / 2006
4/5

An Evening with Kevin Smith 2: Evening Harder, er stort sett same opplegget som An Evening with Kevin Smith, berre ikkje samansett av mange ulike framføringar. Her har du ein del frå Toronto og ein del frå London. Kevin Smith gjentar ikkje seg sjølv og held det nesten like bra gåande som i den førre videoen.

Alt i alt er ikkje det så mykje interessant her som i den førre, utan at eg kjem til punktet der eg kjedar meg heller. Det er framleis gøy, og det held seg sikkert bra gjennom den tredje slike samlinga som kjem snart, Kevin Smith: Sold Out.

Noko som var med på å gi denne boksen ein annan dimensjon er at kona til Kevin Smith, ei dame ved namn Jennifer Schwalbach Smith som har vore med i mindre roller i både Clerks II og Jay and Silent Bob Strike Back, er til stades blant publikum under Toronto-besøket, og mora til Kevin Smit er til stades i London – som blir ganske drygt når han bannar og steiker og snakkar om intime detaljar frå privatlivet sitt i så stor grad som han i blant gjer.

Forstå meg ikkje feil, det er ikkje berre tull desse videoane, men tonen er uhøgtideleg.

An Evening with Kevin Smith 2: Evening Harder 2006 plakat - Filmdagbok