An Evening with Kevin Smith (2002)

Film / 29. mai 2008
4/5

An Evening with Kevin Smith kom i 2002 og er samansett av materiale samla frå fem–seks college som Kevin Smith besøkte, der han i høgtideleg tone svarer publikum på seriøse, mindre seriøse og useriøse spørsmål.

Dei som kjenner filmane til Kevin Smith veit at det blir mykje banning og vulgært snakk i mannens nærver, og i løpet av denne videoen blir det så absolutt stadfesta. Dette betyr ikkje at det berre er kødd med opplegget, han har ein haug med gode, morosame og interessante historier og opplysningar å komme med, desse tenar på at han ikkje legg lokk på noko som helst i forteljingane sine.

Av nemneverdige bitar som går an å attfortelje ideen rundt er da han i detalj fortel korleis han møtte kona si og hadde sex med ho første gang, korleis penisen hans under gnikkinga før dei tok av seg kleda skrapa opp på innsida av glidelåsen, men han likevel gjekk for samleie, sjølv om det etter kvart kjendest som å putte pikken i batterisyre. Ei anna historie er når han bruker et kvarter på å fortelja om møtet sitt med artisten Prince som en av dei sjukaste personane han har møtt.

An Evening with Kevin Smith 2002 plakat - Filmdagbok

Regi

J.M. Kenny

Skodespelarar

Kevin Smith (I), Jason Mewes, Scott Mosier, Anthony Snitzer, Frank Diaz

Sjangrar

Dokumentar, Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om An Evening with Kevin Smith

Forfattar