An Evergreen Christmas

Film / 2014
3/5

Ei ung kvinne reiser tilbake til heimstaden for første gong på fleire år, då faren døyr. Faren hadde ein plantasje med grantre til juletrebruk. Staten som tjuven han er, krev ein vanvittig skatt, og det skapar nokon av problema som oppstår i arveprosessen.

Samstundes skjer det litt av kvart av andre ting her. Kvinna møter igjen si ungdomsforelsking. Ho har med seg den tullete typen sin på reisa, og det er klart det vil oppstå friksjon der.

I grunn er dette ein film full av lite drama, småbystemning og flotte bilde. Bortsett frå nokre få folk så er heller ikkje skodespelarane dei verste i denne tv-filmen, og filmen ser nokoleis bra ut.

An Evergreen Christmas byr på ei heilt grei filmoppleving utan dei store høgdepunkta eller keisame stundene. Dette er i grunn greitt. I tillegg har filmen litt humor som gjer seg godt, utan å skryta på filmen for mykje her heller. Eit ok bidrag til sjangeren julefilm.

An Evergreen Christmas 2014 plakat - Filmdagbok