An Inconvenient Tax

An Inconvenient Tax er ein historisk gjennomgang av den amerikanske inntektskatten. Korleis skatten i løpet av dei 100 siste åra har vakse til å bli eit komplisert monster. Korleis skatten gjekk frå å finansiere USA sitt militære til å bli eit politisk verkemiddel og ein måte for staten å drive med mikrostyring på.

Som historisk dokumentar fungerer dette. Det me høyrer om andre skatteformer er interessant. Men då filmen opnar for diskusjon om framtida, eventuelle løysingar og alternativ blir berre eit snevert syn presentert. Her burde filmen dra inn andre politiske syn enn berre det at enklare skatt vil fungere.

An Inconvenient Tax 2011 plakat - Filmdagbok