An Ox's Tale: The John Entwistle Story

Som kanskje det første store bassistikonet og visstnok den første som skal ha gjort ein bassolo live, var John Entwistle ein av hjørnesteinane i bandet The Who helt fram til han døydde i 2002.

Denne dokumentaren legg vekt på rolla Entwistle har hatt i The Who, og spesielt korleis kjemien mellom han og Keith Moon skapte mykje god musikk. Det er ikkje langt unna at han blir sagt å ha hatt den viktigaste rollen i bandet, men dokumentaren stopper på kanten, og omgrepet hjørnestein blir betre å bruke.

Forholdet mitt til The Who strekk seg ikkje lengre enn til at eg har høyrt eit par songar før, som Teenage Wasteland og My Generation. Eg har vurdert dei som eit alternativ til dei altfor få albuma The Doors gav ut, men har ikkje fått høyrt nærare på dei likevel.

Etter å ha sett denne dokumentaren har eg vel eigentleg ikkje fatta meir interesse for dei heller, verken meir eller mindre. Dette er informativt, har eit par gode songar, men vil nok vere for dei meir interesserte enn for å trekke nye fans til gruppa. Det blir ikkje som med The Doors-filmen, som da ikkje er ein dokumentar heller, ein film som verkeleg engasjerer både fans og nye folk. Å trekke samanlikning med ein slik film er jo feil på tvers av sjanger, men gir eit bilde av det eg prøver å sei: At dette er informasjon framfor underhaldning.

Så til konklusjonen eller liknande. Det opnar på litt saktegåande vis, men etter å ha høyrt eit par kjente songar klarar eg å sette meg godt inn i dokumentaren og eg held interessa i vel ein time. Etter timen dalar interessa nesten til botnen og konsentrasjonen forsvann. Eg trur derimot denne filmen vil vere eit godt val for dei som er interessert i The Who frå før, for det er ikkje ein narkotika og musikk-dokumentar, men først og fremst ein musikkdokumentar, og kan ei god, men enkel tidslinje på John Entwistle og The Who si utvikling.

An Ox's Tale: The John Entwistle Story 2006 plakat - Filmdagbok