An Unfinished Life (2005)

Film / 16. januar 2016
3/5

Jennifer Lopez spelar ei kvinne med ei dotter. Ho har fått nok av å bli mishandla av kjærasten sin. Når ho flyktar, så er det berre ein plass ho veit å dra, sjølv om ho nok aldri hadde sett for seg å dra til. Til sin avlidne manns, dotteras avlidne fars, far i Wyoming. Til ein mann med en ranch og bjørneproblem.

An Unfinished Life er eit drama som består av det eg etter kvart veit å forvente av Lasse Hallströms filmar. Det vil sei idyll, sorg eller død, rørande relasjonar og karakterar som utviklar seg, og litt ubehag. Her er ubehaget i form av den valdelege kjærasten Lopez flyktar frå.

For å ta pirket først, så er An Unfinished Life litt røff i kantane, og heng ikkje så elegant saman i tid og rom som eg kunne ønske. Det blivande vennskapen mellom bestefar og barnebarn, viss aldri har møtt kvarandre før, er den rørande relasjonen. Robert Redford spelar en smått typisk sint mann gammal mann som du veit har ei god side. Og ukjente Becca Gardner er den kvikke ungen.

An Unfinished Life introduserer ein del element som blir gjort lite ut av, og det er den største svakheita. Personar og relasjonar som det berre blir skrapa i overflata på. Det set litt preg på totalen. Så sjølv om dette er ein fin film med lite å henge seg opp i, og som klarer lengda på nesten to timer utan problem, så manglar dei ekstra dimensjonene til å løfte filmen til minneverdig.

An Unfinished Life 2005 plakat - Filmdagbok

Regi

Lasse Hallström

Manus

Mark Spragg, Virginia Korus Spragg

Skodespelarar

Robert Redford, Jennifer Lopez, Morgan Freeman (I), Josh Lucas, Damian Lewis, Camryn Manheim, Becca Gardner, Lynda Boyd, Rob Hayter, P. Lynn Johnson

Sjanger

Drama

Land

USA, Tyskland

IMDb

IMDb-side om An Unfinished Life

Forfattar