Anchorman 2: The Legend Continues

Film · 2013 · · 8. april 2014
2/5

I 2004 kom den vittige og gode Anchorman: The Legend of Ron Burgundy, som eg sidan har sett fleire gonger. Forventningane til Anchorman 2: The Legend Continues var difor på plass. Om dei ikkje var dei største forventningane, så var det iallfall tru på at filmen skulle levere gjennomsnittleg godt.

Etter mi meining så mislykkast filmen med dette. Dei to timane som dette varer er full av tilsynelatande improvisert humor, som fungerer greit i små doser. Og dette gjeld dei andre humoristiske innslaga i filmen også, som har det med å dra det ut. I utgangspunktet har eg ingenting i mot den tørre og rare komedien som Will Ferrell ofte er del av, så problemet mitt med Anchorman 2: The Legend Continues er nok meir enn berre dette.

Det har nok meir å gjere med at filmen ikkje klarer å etablere den emosjonelle tilknytinga spesielt godt. Historia om Ron i denne filmen blir ein overflatisk nedtur, opptur, nedtur og opptur. Og når det ikkje er nokon grunn til å verken heie eller håpe på noko, så blir også dei kopierte innslag frå Anchorman: The Legend of Ron Burgundy altfor tydeleg meiningslause.

Eg kritiserer filmen fullt ut fordi eg er skuffa. Og eg har til vanleg ikkje dei høgaste krava til studioprodusert komedie heller. Eg vel derimot å tru at om filmen hadde blitt trimma ned til ein halvtime kortare, og enkelte av dei nesten rørande scenene i filmen hadde fått meir å sei, så hadde også dette kunne blitt ein god film og ein verdig oppfølgjar.

Anchorman 2: The Legend Continues 2013 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Will Ferrell (I)Steve CarellPaul Rudd (I)Vis alle

Sjanger

Land