Anchorman: The Legend of Ron Burgundy (2004)

Film / 18. november 2006
4/5

Eit gjensyn med Anchorman: The Legend of Ron Burgundy, med Will Ferrell.

Med Ferrell i hovudrolla blir det i overkant av Ferrell-aktig humor. Han klarer stort sett å lande gode roller, men helst som birolle der han ikkje blir for slitsam. Likevel er Anchorman: The Legend of Ron Burgundy en av dei betre filmane han gjer, og det blir på den positive sida av kanten for denne gang.

Med meir kjennskap til Steve Carell gjennom The Office er det han som stikk av med dei mest morosame scenene i denne komedien sett til et fiksjonert 1970-tals tv-nyheitssmiljø. Men alt i alt blir ikkje filmen betre enn middels, den er rett og slett ikkje morosam nok, men blir litt for mykje fyll og tull.

Den meste av humoren låg under middels, og det kan seiast at Will Ferrell er ikkje den mest morosame, på langt nær. Høgdepunktet i filmen var da fleire ulike news crew møtte opp på et industriområde, og leiarane for dei ulike nyheitsprogrammene var Ben Stiller, Vince Vaughn og Luke Wilson.

Andre kule ting var når Jack Black dukka opp som sint motorsyklist og spraka ein hund utfor en bruk. Og å sjå Danny Trejo som bartender.

Humoren i filmen varierte ein god del, frå ganske morosame scener til scener som var så lite morosame at det var flautt å sjå.

Anchorman: The Legend of Ron Burgundy 2004 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Anchorman

Regi

Adam McKay (I)

Manus

Will Ferrell (I), Adam McKay (I)

Skodespelarar

Will Ferrell (I), Christina Applegate, Paul Rudd (I), Steve Carell, David Koechner, Fred Willard, Chris Parnell, Kathryn Hahn, Fred Armisen, Seth Rogen

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Anchorman: The Legend of Ron Burgundy

Forfattar