Angel and the Badman

Angel and the Badman er historia om ein skada mann som streifar innom garden til ein religiøs familie. Han har ei valdeleg fortida og er avhengig av å ha pistolen sin i beltet. Men familien, ei form for kvekarar som kallar seg venner, er det stikk motsette.

Trass i motsetnader knytes samhald, og ulike verder møtes i Angel and the Badman, som har John Wayne i hovudrolla. Det er både dramatisk og spennande, men også litt for glansbildeaktig her og der.

Eg set mest pris på pistolberinga og Quirt Evans-karakteren som John Wayne spelar. Det karakteren gjer og tar med seg av etablert fortid inn i den historia er det i filmen som byr på mest underhaldning. Resten av filmen, som omhandlar vennene og deira pasifisme, byr ikkje på så mykje av interesse. Det er lett å sjå at filmen spelar på motsetnader, og til det er vennene på sin plass som motspelarar til Quirt Evans.

Angel and the Badman 1947 plakat - Filmdagbok