Animal Factory

Film / 2000
3/5

Steve Buscemi dukkar opp på Kosmorama i slutten av april, og i det sambandet fann eg det interessant å sjå på kva mannen har regissert forutan Lonesome Jim som eg så i fjor.

Animal Factory er ein fengselfilm. Det vil vere feil å sei det er ein koseleg fengselfilm, men det er ikkje det verste fengselet eg har sett. Både vakter og innsette verka litt meir avslappa enn vanleg.

Sjølvsagt har denne filmen sin dose med drap og valdtektsforsøk, det er ikkje til å komme unna at det er skurkar i eit fengsel. Willem Dafoe spelar gudfar med kjent gjeng med. Han har kontaktar overalt i fengselet og er ein mann av respekt kort sagt. I ein posisjon der han kan gjere som han vil tar han unge, nyinnsette Ron (Edward Furlong) under vengene sine.

Me følger desse to gjennom ganske vanlege fengselsrutinar, der ingenting blir prøvd overdramatisert. Balansen i filmen er det som gjer dette til ein fin og forholdsvis roleg film, og forholdet mellom desse to blir godt utdjupa. Her er det ikkje snakk om eit homofilt forhold, meir som far og son.

Willem Dafoe viser nok ein gong klasse, Steve Buscemi dukkar opp i ei lita rolle for å vise seg, og Danny Trejo er til stades som fange. Skodespelarane er altså på plass! Filmen kjem ikkje til å toppe nokon lister av meg, sjølv om han er god.

Animal Factory 2000 plakat - Filmdagbok