Animal House (1978)

Film / 26. november 2006
4/5

American Pie, Accepted, Road Trip. Lista er lang over filmar eg kjenner igjen i Animal House. Filmen har tydeleg vore inspirasjon til en stor mengde med high school- og collegefilmar dei siste tre tiåra.

Det handlar for det meste om drikking, hærverk og jenter. Og sjølvsagt collegebrorskap, eller fraternity. Animal House er kallenamnet på brorskapen Delta sitt hus. Dei får gjennomgå av både rektor og det konkurrerande brorskapet Omega. Grunnen til dette er at Delta elskar å feste, dei får dårlege karakterar og bryr seg ikkje med andres eigedom. Dei er pøblar og bråkmakere.

Animal House klarer seg godt i sjangeren sin, og har ingen problem med alderdom. Men som oftast som med National Lampoon blir det i overkant av hjernedød humor, og det traff ikkje helt denne gongen. Sjølv om den hamnar godt oppe på lista i sin kategori, så blir det en midt på treet-plassering tvers over. Er derimot slapsticksslapsticks av bøllete art det ein er på jakt etter, så sats på denne. Det er også ein som må bli sett for dei som er vel inne i ungdomskomediar, på grunn av sitt breie spekter av plots som andre filmar gjerne berre bruker eit par av.

Animal House 1978 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

National Lampoon

Regi

John Landis

Manus

Harold Ramis, Douglas Kenney, Chris Miller (III)

Skodespelarar

Tom Hulce, Stephen Furst, Mark Metcalf, Mary Louise Weller, Martha Smith, James Daughton, Kevin Bacon, John Belushi, Douglas Kenney, Chris Miller (III)

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Animal House

Forfattar