Anna Karenina

Det var visse forventningar knytt til Anna Karenina som samarbeidet mellom regissør Joe Wright og skodespelar Keira Knightley. Pride & Prejudice er ein av mine favorittfilmar, og Atonement følger tett på.

Av ein eller annan grunn har denne filmen gått meg litt hus forbi, trass den overnemnte interessa. Etter nå å ha sett filmen, kan eg ikkje påstå at det var så nøye at opplevinga kom seint. Anna Karenina er inga stor oppleving, men har nokon grep for seg som er verdt å nemne.

Det eg likar minst her er altså historia som det heile byggjer på. Stort sett alt som går på korleis filmen har blitt laga og ser ut, kven som spelar i han og korleis me går frå scene til scene er verdt å legge merke til. Til den grad at det blir meir enn eit tomt visuelt preg på toppen av luft.

Problemet mitt er altså med den uklare og deprimerande historia til Leo Tolstoy. Her er det få lyspunkt og heltar, og mykje dveling ved sjølvdestruktive personar. Eit unntak er sidehistoria og kjærleikshistoria om ein godseigar og kvinna som opphavleg skulle gifte seg med det som blir elskaren til Anna.

Det Joe Wright har gjort rett her er å blande fantasi, teater og verkelegheit i ei saumlaus verd. Gjerne på ein visuelt slåande, men også på ein tankevekkande måte. Det er ikkje nok til å bere filmen åleine, men det gjer han uthaldeleg.

Eg kan dessverre ikkje anbefale Joe Wright denne gongen. Og det er ein nedtur for meg. I tillegg til Pride & Prejudice er også Hanna ein av mine favorittar og topprangerte filmar av han. Å ha to topprangerte filmar er noko han berre er i selskap med Francis Ford Coppola om på Filmdagbok.

Anna Karenina 2012 plakat - Filmdagbok

Publisert

28. november 2016 av

Regissør

Joe Wright (IV)

Manusforfattarar

Tom Stoppard, Leo Tolstoy

Skodespelarar

Matthew Macfadyen, Eric MacLennan, Kelly Macdonald, Theo Morrissey, Cecily Morrissey, Freya Galpin, Octavia Morrissey, Beatrice Morrissey, Marine Battier, Keira KnightleyVis alle 140 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Romantikk

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Anna Karenina