Another Woman (1988)

Film / 22. juli 2008
4/5

Ei kvinne i femtiåra hamnar i midtlivskrise og opplever at det meste rundt ho raknar eller forandrar seg. Another Woman er som den to år seinare Alice ein film om ei kvinne i en fase av livet der situasjonen er trudd å vere stabil, men ting er langt i frå å vere på plass. Mens Another Woman er meir drama prøver Alice å gi en humoristisk vinkling, men dei er enda tematisk like.

I rolla som Marion Post har me Gena Rowlands, Marion skal skrive ei bok og leiger kontor til dette formålet ettersom bygningsarbeid forstyrrar ho i heimen. Frå det nye kontoret kan ho høre kva pasientane fortel psykologen i naborommet og blir soge inn i historia til en gravid kvinne spelt av Mia Farrow, på et psykologisk plan framfor å bli en av Woody Allens fantasiprega filmar. Ved siden av dette følger me Marion gjennom ein tøffare periode i privatlivet der fleire ting vil gå opp for henne.

Det skal ikkje vere noko tvil om at eg føretrekk denne måten frå Allen å lage film på framfor kva Alice er blitt. I filmografien hans fører denne seg inn blant Interiors og September i å fortelja om kvinner med problematiske liv, utan at den omhandlar psykiske problem. Det er nok ikkje den ultimate Allen-filmen, i blant kjennest den litt for lang og langsam, men sluttvurderinga heller i positiv retning og du sit igjen med viten om at denne filmen har formidla noko.

Another Woman 1988 plakat - Filmdagbok

Regi

Woody Allen

Manus

Woody Allen

Skodespelarar

Gena Rowlands, Mia Farrow, Ian Holm, Blythe Danner, Gene Hackman, Betty Buckley, Martha Plimpton, John Houseman (I), Sandy Dennis, David Ogden Stiers

Sjanger

Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Another Woman

Forfattar