Ant-Man

Film · 2015 · · 24. juli 2016
3/5

Det er med ein viss skepsis eg går i gang med kvar einaste Marvel-film. Dei spektakulære actionproduksjonane er gjerne for mykje visuelt og for lite historie for min del.

Samtidig er det nokon av filmane som er solid underhaldning, og eg gir stort sett kvar nye ein sjanse før eller siden.

Ant-Man er i grunn blant det betre. Frisk komedie er det største plusset. Historia er heilt grei, og for ein gongs skuld skal ikkje ein by eller eit univers bli øydelagt.

Det fleste kampane i Ant-Man går delvis føre seg i miniatyr. At konsekvensane av øydelegginga som blir gjort rundt kampane er minimale, er eit humoristisk grep som blir brukt for alt det er verdt, og det fungerer.

I det store og heile er Ant-Man god underhaldning, men bortsett frå nokon scener er det ein trygg film som ikkje leverer noko særleg nytt.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Ant-Man 2015 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Paul Rudd (I)Michael Douglas (I)Evangeline LillyVis alle

Land