Antitrust

Film / 2001
3/5

Milo (Ryan Phillippe) er ein dyktig programmerer som har tenkt å starte selskap i lag med programmerarvennene sine. Det er før dataselskapet NURV hyrer han inn med ein attraktiv kontrakt til å hjelpe med deira neste storsatsing, kommunikasjonssystemet Synapse.

Så kjem det for dagen at NURV ikkje har rent mjøl i posen, og stemninga mellom Milo og sjefen Gary (Tim Robbins) blir både spent og farleg.

Antitrust blei gitt ut på ei tid da Microsoft blei sett på som den store, stygge ulven som kontrollerte PC-verda. NURV liknar på Microsoft og Gary er tydeleg inspirert av Bill Gates. Antitrust formidlar ein kamp mellom idealistiske programmerarar og open kjeldekode og store, kontrollerande selskap med løyndommar.

Som yngre ungdom var Antitrust ein av favorittfilmane mine. Eg var datainteressert og oppdatert nok til å fatte poenga i filmen. No, mange år seinare, står Antitrust igjen som eit bilde av ei form for datainteresse eg ikkje har hatt på ei stund. Filmen er enkel og naiv, men ikkje blåst.

Som eit minne om fortida er det gøy, men som film har det tapt seg etter eit par gjensyn. Det er i det teknologiske og detaljane det meste av moroa ligg no. Gangen i handlinga er for meg blitt velkjent nok til at det ikkje fengjer, men fungerer. Å drepe folk for kjeldekode, det er drygt. Bortsett frå det så er jo filmen god.

Antitrust 2001 plakat - Filmdagbok