Anywhere But Here
Susan Sarandon og Natalie Portman er mor og dotter i dramakomedien Anywhere But Here. Dei er i ferd med å flytte frå Wisconsin til Los Angeles i byrjinga av filmen. Det er etter ønska til mora, mens dottera må bli tvinga. Ho ventar mest på å bli gammal nok til å flytte unna mora.
Det er eit tett forhold, men den ville personlegdomen til mora er ein lettare form for ustabilitet. Og ei som dottera ikkje set pris på.
Anywhere But Here er ingen høgdepunkt, men går djupt nok over lenger tid til å gjere eit inntrykk trass i dette. Susan Sarandon er god og ein av dei beste sidene til filmen. Natalie Portman er enten god som rar tenåring, eller ufrivillig og stiv skodespelar, men ho leverer godt nok til at dette berre blir nemnt i forbifarten.
Målet til filmen er reisa i historia som blir gjort, meir enn karakteren til Natalie Portman sin avskjed frå mora. Men eg har vanskeleg for å peike på noko spesielt ved filmen, eller kva eg skal få ut av dette.
Ein liten ting er at dottera til ei viss grad set pris på mora, og mora også slepp taket, men det er ikkje store greiene. Når eg seier at målet til filmen er reisa, så er det ikkje fordi reisa gir all verda, men fordi slutten gav endå mindre.
Ei lengde på nesten to timar med ikkje den beste filmen skulle ha ført til meir kritikk, men lengda er faktisk til fordel for filmen. Som nemnt er det innsikt i karakterane over tid som er ei av styrkane til filmen. Ikkje den store innsikta, men nok til å bli smått interessert.
Ein ganske så midt på treet film, med ein ørliten vipp oppover.
Regi
Manus
Skodespel
Susan Sarandon • Natalie Portman • Hart Bochner • Eileen Ryan (I) • Ray Baker (I) • John Diehl (I) • Shawn Hatosy • Bonnie Bedelia • Faran Tahir • Shishir Kurup • Samantha Goldstein • Scott Burkholder (I) • Yvonna Kopacz Wright • Eva Amurri Martino • Kieren van den Blink • Jennifer Castle (I) • Caroline Aaron • Bebe Drake • Paul Guilfoyle (II) • Allison Sie • Sharona Alperin • Mary Ellen Trainor • Elisabeth Moss (I) • Ashley Johnson (I) • Heather DeLoach • Corbin Allred • Stephanie Niznik • Heather McComb (I) • Lindley Harrison • Michael Milhoan • Bob Sattler • Nina Leichtling • Jay Harrington • Andy Bowles • Rick Hurst • Rachel Wilson • Stephen Berra • Nina Barry • Cricky Long • Lillian Adams • John Carroll Lynch • Megan Mullally • George Peck • Katharine Boyd • Monique Donnelly • Ricky Rebel • Shana Halligan • Ian Joyce • Megan Joyce (I) • Megan McGinnis • Cody Page • Jonathan Redford • Eve Reinhardt • Fletcher Sheridan • Christopher Snyder • Chris M. Allport • Thora Birch • Alexandra Glazer • Phil Hawn • Mia Korf • Alicia Leigh Willis … Minimer … Vis alle