Apocalypse Now (1979)

Film / 12. mai 2007
3/5

Laurdagskvelden var sett av til et formål, nemleg å få sett Apocalypse Now. Ikkje nok med det, det var Redux-versjonen som skulle sjåast, som er 50 minuttar lengre enn den originale.

Mest av alt forventa eg meg en krigsfilm i tradisjonell forstand, med helten som overleve på en slagmark eller noko som involverer kamp etter kamp etter kamp. Altså var det ikkje med dei mest positive tankane eg sette i gang, for eg er ingen tilhengar av slike krigsfilmar.

Apocalypse Now var derimot meir, og eg må ha oversett regissørstillinga til Francis Ford Coppola når eg trudde dette skulle bli en mengde med skyting og eksplosjonar.

Fokuset på filmen ligg på kaptein Benjamin L. Willard (Martin Sheen), ein mann som har gitt opp eit liv utanom Vietnam-krigen. Ei prega sjel som trass i ei relativt kul haldning er ved sine fulle fem. Han får et spesialoppdrag som inneber en lang reise oppover Nungelva, og storeparten av filmen skildrar denne reisa.

I love the smell of napalm in the morning.

Naturlegvis ligg det utfordringar langs vegen. Men ikkje alle møta undervegs er direkte utfordringar sånn sett, men bilde som skal gi oss inntrykk for å kunne gi oss ein idé av Willard si karakterutvikling.

Rik på inntrykk, men med mange lange, kjedelege sekvensar som øydelegg en elles god film. Apocalypse Now er ein film som kan vere lang, men Redux er altfor lang. Korleis den originale utgåva er har eg tilgode å finne ut, men noko seier meg at det ikkje blir på nokon år.

Noko anna eg sakna innimellom var fråvære av forteljarstemma som så godt set stemning på andre deler av filmen. Denne er av Martin Sheen sjølv, og tar for seg tankane han gjer seg om ymse undervegs. Ein nemneverdig del av filmen som er med å hever inntrykket.

Eg veit ikkje helt kva eg eigentleg synst om filmen. Den er godt laga og har mange gode deler, men blir for lang.

Apocalypse Now 1979 plakat - Filmdagbok

Regi

Francis Ford Coppola

Manus

John Milius, Francis Ford Coppola, Michael Herr, Joseph Conrad

Skodespelarar

Marlon Brando, Martin Sheen, Robert Duvall, Frederic Forrest, Sam Bottoms, Laurence Fishburne, Albert Hall, Harrison Ford, Dennis Hopper, G.D. Spradlin

Sjangrar

Action, Drama, Eventyr, Krig

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Apocalypse Now

Forfattar