Are We There Yet?

Film / 2005
2/5

Familiekomedie, ei skummel ordsamansetting. Eg tykkjer nesten synd i Ice Cube her, for eg likte verkeleg Barbershop-filmane, men fyren har gjort meir enn eit dårleg skodespelarval, så han får ta skulda for det.

Dette er ein bilturfilm for dei yngre, om du vil servere yngre slikt tull som Are We There Yet? er. Sikkert mest retta mot den svarte delen av den amerikanske befolkninga, sidan alle her er svarte. Det er ei målgruppe eg kjenner lite til, men som er ein vesentleg del av amerikansk filmindustri.

Eg må innrømme at filmen hadde eit par akseptable scener. Det er berre det at eg ikkje kan hugse nokon av dei i alt det elendige her.

Are We There Yet? 2005 plakat - Filmdagbok