Are You Joking?

Film / 2014
3/5

Den uavhengige filmen Are You Joking? blir opplevd som så rik at han kjennest ut som ein studiofilm.

Det er enkelte ting som ofte skil ein lågbudsjettsfilm eller uavhengig film med ein større produksjon. Blant dei synlegaste er valet av skodespelarar og plasseringar, og korleis filmen ser ut. Lågare budsjett resulterer ofte i heilt ukjente skodespelarar og få plasseringar for scenene. Nokon filmar avgrensar seg til så lite som eit par–tre plasseringar.

Det som får Are You Joking? til å verke som ein dyrare produksjon er blant anna eit grep på denne fronten. Filmen har eit hav av plasseringar, og blir opplevd dermed som like rik på ulike inntrykk som ein kva som helst dyr film.

Det handlar ikkje om å plassere ein film i bås basert på kostnad, men påpeike at budsjett ofte blir reflektert, men ikkje alltid

Men enda viktigare er det om filmen er god eller ikkje. Eg likte Are You Joking? frå tidleg av. Han har mykje for seg i form av sine karakterar, og kven som spelar dei. Sas Goldberg var fullstendig ukjent for meg i forkant av filmen. Ho har eit komisk spekter og ein naturtru stil som gjer at eg blei sjarmert og interessert i kva ho skulle finne på seinare. Ho og Jake Wilson er drivkreftene bak dette, så eg må nok også følge med på kva han gjer.

Andre skodespelarar her som Hannibal Buress har eg observert i fleire små rollar allereie. Han er også her ein karakter som først berre er der, men som etter kvart veks. Først og fremst fordi han er ein morosam skodespelar. Noko eg seier mest på bakgrunn av hans rolle i Broad City.

I timane etter å ha sett filmen merkar eg at han blir tenkt meir på enn mange andre komediar. Eit godt teikn, og noko som kanskje burde føre til ei høgare rangering.

Are You Joking? 2014 plakat - Filmdagbok