Argo (2012)

Film / 6. januar 2014
4/5

Argo kan godt mogleg vere blant 2012s beste filmar. Grunnen til dette kan bli oppsummert med følgjande ord: God historie, spenning og rollebesetning. Det er meir ved filmen som er bra, men desse er mine favorittar.

Historia er passe sprø til å gi filmen et humoristisk preg. Handlinga blir formidla godt gjennom at dei sprø elementa blir framheva med like stødig hand som spenningen i den dramatiske delen av historia. Dette er eit klassisk grep i blockbuster, og fungerer godt når det er gjort rett. Effekten er ein film med en seriøs historie som ikkje blir for tung.

Rollebestninga er solid. Dyktige skodespelarar får framføre frå et godt manus, og Ben Affleck viser nok ein gong at han verkeleg kan regissere. Argo er også at den type film som gjer seg med mange kjente ansikt. Det kan vere på grunn av den nemnde blandinga av spenning og komedie, og at også kjente skodespelarar er med på å lette trykket litt.

Argo 2012 plakat - Filmdagbok

Regi

Ben Affleck

Manus

Chris Terrio, Tony Mendez, Joshuah Bearman

Skodespelarar

Ben Affleck, Bryan Cranston, Alan Arkin, John Goodman, Victor Garber, Tate Donovan, Clea DuVall, Scoot McNairy, Rory Cochrane, Christopher Denham

Sjangrar

Biografi, Drama, Historie, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Argo

Forfattar