Arlington Road (1999)

Film / 7. november 2007
4/5

Konspirasjonsteori. Uventa overraskingar. Ein kunnskapsrik, men oppslukt mann i hovudrolla med mistenksame folk rundt seg. Kjente ingrediensar, brukt i thriller på thriller, fleire ganske opplagte, andre meir elegante og underhaldande. Med den rette oppskrifta kan det bli bra, som med Arlington Road.

Arlington Road har Jeff Bridges i hovudrolla som universitetsforelesaren med spesialitet i å stille spørsmål til regjeringa si rolle som tildekkar av fakta bak terroristhandlingar, der sanninga vil gjere folk flest oppgitte. Drive av sorg etter ekskona, FBI-agent og mor til deira einaste son, blir drepe i jobbsamanheng, ligg han ikkje langt unna å bli oppslukt. Etter å ha redda sonen til dei nye naboane sine frå ei ulykke blir han kjent med dei, før han etter kvart finn ektemannen mistenkeleg.

Velkjente grep blir brukt til å fortelja historia, til stor glede undervurderer ikkje filmen publikum og gir oss tidleg nok dei me forventar, for å spare fleire og andre løysingar til seinare. Den observante kan plukke opp hint undervegs, den som stiller seg dei rette spørsmåla kan kanskje tenke seg til slutten. Eg stilte ikkje rette spørsmål og blei som både overraska og overlumpa, utan å føle meg lurt.

Styrken til Arlington Road ligg altså i å ikkje undervurdere publikum, vere smart og litt innovativ, flette alt saman utan å ty til urealistiske vriar som for å skape noko ingen kunne tenke seg til. Jeff Bridges og Tim Robbins gjer begge prestasjonar av typen som blir belønna med pluss i margen. Eg hadde to gode timer.

Arlington Road 1999 plakat - Filmdagbok

Regi

Mark Pellington

Manus

Ehren Kruger

Skodespelarar

Jeff Bridges, Tim Robbins, Joan Cusack, Hope Davis (I), Robert Gossett, Mason Gamble, Spencer Treat Clark, Stanley Anderson, Viviane Vives, Lee Stringer

Sjangrar

Drama, Mysterium, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Arlington Road

Forfattar