ARQ

ARQ er en småskala science fiction-film lansert på Netflix. Den er ingenting å rope hurra for, sjølv om han har ein litt interessant ide som utgangspunkt.

Det handlar om nokon folk i eit hus, som opplev dei same få timane gang på gang, på grunn av ei tidsmaskin som finst i huset. I verda utanfor er det ein eller annan krig som går føre seg, og personane i huset er på ulike sider i konflikten, og ute etter å drepe kvarandre.

Filmen speler ut seg som ein repetisjon av eit poeng, kor nokon hugsar kva som har skjedd, og neste repetisjon endrar seg basert på nye handlingar som blir utført.

Det filmen manglar er gode karakterar og verkeleg god dialog som tar merksemda bort frå avgrensingane i miljøet. Filmar som avgrensar seg til små område kan fungere, men det krev ei stødig hand på gjennomføringa. ARQ er på vei dit, men når ikkje langt nok, og feilar dermed alvorleg nok til at filmen endar opp med å gi ei oppleving av å vere eit resultat av avgrensa budsjett. Ikkje helt den tanken dei ønsker å mane fram vil eg tru.

I tilfelle med ARQ håpa eg på noko i retning av utføringa til Parallels, ein annan science fiction-film lansert på Netflix, som var passe god. Men dessverre er ARQ bortkasta tid, og då hjelp det ikkje at han er inkludert i abonnementet til ei straumeteneste.

ARQ 2016 plakat - Filmdagbok