Arrested Development

Serie 2003–2018

Mitt inntrykk av Arrested Development etter å ha sett første sesong var at dette var ein morosam serie. Eg hadde ikkje inntrykk av å ha sett noko ekstraordinært. Samanlikna med komediane eg var interessert i for ti år sidan så hadde eg sett betre enn dette.

Dette handlar om lite, og som tittelen så godt skildrar, så var det ikkje framdrift i serien. Det fine med serien var at den verka gjennomført i alt rotet. Eg fekk sansen nok til å begynne med andre sesong, noko eg gjorde umiddelbart.

Derfor vil eg ikkje samanlikne andre sesong med første sesong. For meg går dei over i kvarandre. Andre sesong leverer same humor som første, og forviklingar i eit komplisert nettverk er det som gjer serien til ein merkbar komedie.

Arrested Development tiltrakk seg merksemd i parodieringa av realitydokumentarar og såper. Serien la ikkje skjul på å være sarkastisk.

Serien sette søkelyset på stereotyper innan tv på ein overdriven måte. Dette fikk serien til å verke. Billege såpeoperakulisser blei gjort narr av med eit fullstendig hus i dårleg stand. Og dårlege skodespelarar blei gjort narr av med gode skodespelarar som spelar dårlig på ein god måte. Etter andre sesong hadde eg gått over til å sette pris på serien i større grad.

Tredje sesong blei kortare på grunn av kanselleringa til serien. Det tok meg ein dag å sjå sesongen. Det var vemodig å sjå at serien blei avslutta, men på same tid var det greitt. Eg takla helst mangelen på framdrift i mindre doser. For ordens skuld kan eeg nemne at trass i kanselleringa, så gav serien ei skikkeleg avslutning på slutten i tredje sesong.

Så gjekk det nokon år, og Netflix varsla at det skulle komme ein fjerde sesong.

Det var spesielt nok at Arrested Development kom tilbake, men kanskje meir spesielt at alle karakterane var på plass igjen. Strukturen var noko annleis i den nye sesongen. Enkelte karakterar og hendingsforløp verka meir avskilt, sannsynlegvis på grunn av travle skodespelarar med andre prosjekt. Men sesongen i heilskap bøter litt på det.

Eg burde, men såg aldri dei tre første sesongane på nytt igjen før eg tok til på fjerde sesong. Eg hugsa karakterane godt nok, for serien utmerka seg då eg såg han sju år i forvegen.

Mest av alt var fjerde sesong ein bonus. Det var ikkje noko eg blei hekta på igjen. Det var ikkje vanvittige mengder med geniale augeblink. Men det var nok humor på plass til at det vart fornøyeleg. Og sjølv om strukturen separerer karakterane, så gir han rom for at serien kan bygge komplekse samanhengar på tvers av sesongen. Og det gjorde serien smått interessant på ein ny måte.

Om ikkje nok med det, så kom det endå ein ekstra sesong etter dette igjen. Den femte sesongen var bygd opp som dei gamle episodane, ikkje på den spesielle måten strukturen i fjerde sesong var bygd opp. Litt enklare å forhalde seg til, vart femte sesong fornøyeleg på den gode gamle måten. Ikkje som noko nytt og spennande denne gongen, men som kurant underhaldning med vittige samanhengar.

Rangert som 4 av 54/5

Arrested Development 2003-2018 plakat

Merkelappar

Fox, Netflix

Skapar

Mitchell Hurwitz

Skodespelarar

Jason Bateman, Portia de Rossi, Will Arnett, Michael Cera, Alia Shawkat, Tony Hale, David Cross, Jeffrey Tambor, Jessica Walter, Ron Howard

Sjanger

Komedie

Land

USA

Publisert 20. august 2018 av Bear Ness