Artemis Fowl

Film · 2020 · · 14. januar 2021
2/5

Artemis Fowl er ein bokserie som byrja å komme ut tidleg på 2000-talet. Disney sitt arbeid med å gjere om til film byrja i 2016, og resulterte i denne filmen som kom ut i 2020. Sjangeren er fantasi blanda med science fiction. Det kan by på flotte idear, men i denne filmen forsvinn dette bak visuelt overdådig effektbruk.

Heldigvis for Artemis Fowl er det ikkje som at historien forsvinn heilt. Det er ein film som er lett å følgje med på. Det byrjar med ei forsvinning, utviklar seg til ein magiske duppedings som må bli funne, og involverer ein tydeleg skurk. I senter av handlinga er ein ung og intelligent gut som heiter Artemis Fowl. For å kjapt gå innom han først her, så blir han introdusert på godt vis som ein oppegåande unge. Og i blant utover i filmen glimtar han til, men eg får ikkje inntrykk av at det er spesielt viktig at han er smart. Det blir eit poeng som ikkje er godt nok bakt inn i filmen.

Fantasielementet som Artemis Fowl byr på er at det finst alvar. Men ikkje den tradisjonelle og gamaldagse typen. Dei lev i eit høgteknologisk samfunn. Utan at eg skal gå meir innpå kva det inneber, så vil eg nemne at det for meg blei veldig overfladisk kva dei var i denne filmen. Eit poeng med store deler av filmen i grunn, at mykje blir forsøkt fortalt med animasjon og effektbruk. Mens eg saknar både innslag som opnar for at eg brukar min eigen fantasi, kan oppleve litt mystikk, og at det kan handle meir om karakterane som skal drive historia framover.

For at ein eventuell oppfølgjar skal bli interessant, så må han på nytt prøve å gjere oss godt kjent med dei viktigaste karakterane sine. Elles vil dette kunne bli ein veldig tom filmserie.

Les fleire meldingar på filmz.dk og www.ikassenshow.dk.
Artemis Fowl 2020 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Michael Rouse (II)Racheal OforiJosh GadVis alle

Land