As Good as It Gets

Film · 1997 · · 25. mai 2008
5/5

Jack Nicholson, ein film med denne karen er bra nok grunn til at kven som helst kan sjå han.

Vidare er dette ein film om karakteren til Jack Nicholson, ein gammal, einsam misantrop av ein forfattar med mange rare hygieniske, overtruiske og psykiske problem. Eventuell romantikk kjem ikkje før i andre eller tredje rekke, då dette er komedie om ein periode i livet til Melvin, misantropen, då ting forandrar seg for han. Dette skjer gradvis samtidig som As Good as It Gets heile vegen klarer å behalda det som gjer Melvin til ein interessant karakter.

Det er vanskeleg å finne ei meir spesifikk skildring av denne filmen. Han er spiss, tilbyr mengder av god latter, utruleg bra dialog, godt skodespel, fint driv. Det er så og sei ein topp film som også får fram ei lita tåre her og der, må eg innrømme. Ei varm anbefaling. Jack Nicholson er i toppklasse.

IMDb-logo
As Good as It Gets 1997 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Jack Nicholson (I)Helen Hunt (I)Greg Kinnear (I)Vis alle

Sjangrar

Land