Ascenseur pour l'échafaud (1958)

Film / 13. februar 2016
3/5

I den franske filmen med den engelske tittelen Elevator to the Gallows følger me ei rekke hendingar som spelar ut seg frå eit mord. Vår mann Julien (Maurice Ronet) utfører eit godt planlagt mord, men noko lite han gløymer set i gang ein kjedereaksjon.

Mens han sjølv blir sittande fast i ein heis, blir hans bil, pistol og ytterklede stolne og knytt til andre kriminelle handlingar.

Det var først og fremst at Miles Davis har lydsporet til Ascenseur pour l'échafaud som fekk meg til å sjå han. Men eg kom til å sette pris på den godt samanhengande filmen på fleire vis. Tilfeldigheiter, flaks, uflaks og hendingar som er nære på gir god spenning. Det er heile tida ei hårsbreidd mellom utfallet og andre moglege utfall.

Motivasjonen bak enkelte deler går meg hus forbi, men sett bort frå nokon rare detaljar så er dette stort sett godt både i saumane og heilskapleg.

Ascenseur pour l'échafaud 1958 plakat - Filmdagbok

Regi

Louis Malle

Manus

Louis Malle, Roger Nimier, Noël Calef

Skodespelarar

Jeanne Moreau, Maurice Ronet, Georges Poujouly, Yori Bertin, Jean Wall, Elga Andersen, Sylviane Aisenstein, Micheline Bona, Gisèle Grandpré, Jacqueline Staup

Sjangrar

Drama, Krim, Thriller

Land

Frankrike

IMDb

IMDb-side om Ascenseur pour l'échafaud

Forfattar