Ash Wednesday

Sen svakaste filmen til Edward Burns er Ash Wednesday. Det er ein av hans mest seriøse filmar, men som bommar på eit par ting.

Det handlar om tre drap, og korleis broren til drapsmannen har lurt alle til å tru at drapsmannen blei drepe sjølv i ettertid. Tre år seinare dukkar drapsmannen opp igjen i nabolaget, og forsøket på å halde seg skjult fungerer ikkje. Då rykta om at han er i live blir spreidd vert fleire liv sett i fare. Handlinga går føre seg i Hell's Kitchen på Manhattan på 1980-talet, og involverer stort sett katolske folk med med irsk opphav, som i Edward Burns-filmar flest.

Filmen burde vere spennande, men er lite engasjerande, trass i at det er liv som står på spel i handlinga. Det er vanskeleg å komme tett på karakterane, og eg klarer ikkje å relatere og dermed engasjere meg for dei.

Ash Wednesday er god på ein ting, og det er ein ting som går igjen i filmane til Edward Burns, nemleg miljø. Handlinga finn sin plass i både geografi og relasjonar mellom folk. Tidsperiode og plassering blir godt etablert, og dannar også ei usynleg avgrensing for både film og karakterar som eg set pris på.

Det som i hovudsak trekk filmen ned er altså mangel på involvering i det seriøse. Og når det ikkje er på plass så heng eg meg også litt opp i musikken, som er stemningsfull, men er litt for opplagt dramatisk og ikkje passar til tonen resten av filmen. Og at enkelte scener er litt for ambisiøse, og gjerne kunne ha vore gjort meir profesjonelt. Dette blir ein vag kritikk, men det er vanskeleg å sette fingeren på akkurat kva som verka billeg her. Filmen hadde ikkje det største budsjettet, så det er jo greit, men det har ikkje vore hinder i dei andre filmane til Edward Burns.

Ash Wednesday 2002 plakat - Filmdagbok