Ask Me Anything (2014)

Film / 22. desember 2014
3/5

Ask Me Anything framstår som ein komedie ut frå plakaten, og opninga på filmen er tilsvarande lystig. Men gradvis kjem det underliggande problemet til protagonisten til syne, og filmen glir over til å ha ein meir ubehageleg undertone.

Slutten tok meg dessutan litt på senga, men avsløringar uteblir, så over til resten av filmen:

Britt Robertson spelar Katie Kampenfelt, ei nyleg uteksaminert jente frå high school som bestemmer seg for å ta eit friår. For å få litt struktur på ein meiningslaus kvardag byrjar ho å blogge. Bloggen er og blir forteljarstemma til filmen, og er ei tilsynelatande personleg stemme på vegne av Katie.

På elegant vis er filmen både personleg og full av løyndommar. Intime detaljar om forholda Katie har til fleire typar, hennar nye jobb og forhold til familie blir fortalt. Men med tanke på den personlege vinklinga til filmen så legg eg også merke til at filmen styrer unna nødvendige forklaringar. Denne måten å skrape i overflata på er det som gjer filmen interessant.

Britt Robertson viser nok ein gong at ho har eit stort register å spele på. Sterke scener er truverdige, og karakteren hennar er truverdig. Ein film som denne kunne lett ha blitt eit forsøk på ein seriøs historie, spesielt viss dama i hovudrolla berre hadde vore pen og ikkje truverdig. Britt Robertson har begge deler.

Dei svake sidene til filmen blir dessverre litt for mange til at filmen når heilt opp, trass i dei gode og triste scenene. Eksempelvis tar det lang tid før dei gode sidene kjem fram, og filmen går frå å handle om lite på ein grei måte, til å handle om noko på ein god måte. Og da er det ikkje lenge før filmen er slutt.

Ask Me Anything 2014 plakat - Filmdagbok

Regi

Allison Burnett

Manus

Allison Burnett

Skodespelarar

Britt Robertson, Molly Hagan, Andy Buckley, Robert Patrick, Zuleikha Robinson, Christian Slater, Kimberly Williams-Paisley, Max Carver, Justin Long, Martin Sheen

Sjangrar

Drama, Mysterium, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Ask Me Anything

Forfattar