Askeladden - I Dovregubbens hall

Eg hadde ikkje dei store forventingane til Askeladden - I Dovregubbens hall. Og eg enda opp med å bli gledeleg overraska over det høge nivået filmen held.

Eventyrkunnskapen min er berre delvis på plass, då det har gått mange år sidan eg høyrte eventyra om Askeladden. Men det var mykje som eg kom på att når eg såg denne filmen. Sjølv om eg ikkje har evne til å ta filmen på kva som er henta frå eit eventyr, eller fleire.

Det betydde ikkje noko for dette som ein film som står på eigne bein. Dette er stemningsfullt, morosamt og engasjerande. Det er lenge sidan sist ein eventyrleg film traff så godt som denne.

Musikken er ypparleg, bilde- og lydkvalitet er topp. Filmen er flust av spennande detaljar og har ein god flyt. Skodespelarane er topp. Det er fint lite å setje fingeren på.

Askeladden - I Dovregubbens hall 2017 plakat - Filmdagbok