Askeladden - I Soria Moria slott

Askeladden - I Soria Moria slott følgjer opp Askeladden - I Dovregubbens hall på så bra vis som ein oppfølgjar kan. Forventingane var tilstades då den første av desse relativt nye Askeladden-filmane imponerte stort dagen i forvegen.

Sidan eventyrkunnskapen min berre er delvis på plass, og det har gått mange år sidan eg høyrte eventyra om Askeladden, så var det berre bitar av denne filmen eg kunne hugse. Så eg veit ikkje om dette i heilskap eller berre delvis er basert på eit eller mange eventyr.

Men det betyr lite. For dette er ein film som står godt på eigne bein. Nokre få gonger viser han til forløparen, men i stor grad tenker eg at dette er ein film som kan sjåast åleine om du skulle velje det. Det er ein stemningsfull, morosam og engasjerande film. Som treff godt.

Igjen er musikken ypparleg, og bilde- og lydkvalitet fortener skryt. Samanhengen er god og ingen deler av filmen verkar unødvendige. Med ei speletid på litt over ein og ein halv time er det ein kort film til å både 2019 og sjangeren å vere, men det betyr også at han er trimma ned på godt vis.

Askeladden - I Soria Moria slott 2019 plakat - Filmdagbok