Assassination of a High School President (2008)

Film / 27. desember 2009
4/5

Teen noir har eksistert ei stund. Forenkla kan teen noir skildrast som ungdomsfilm med inspirasjon frå film noir eller neo noir med ungdommar. Skiljet har ikkje akkurat blitt definert, men ei masteroppgåve frå Universitetet i Bergen er å finne på problemstillinga.

Filmen Brick og serien Veronica Mars er blant dei mest refererte titlane til når det gjeld denne sjangeren, stilen eller rørsla. Assassination of a High School President med sine tydelege sjangertrekk kan så gjerne tilførast kanonen.

Assassination of a High School President er ein av dei betre filmane som kastar seg på bølgja av mørkare tenåringsfilmar utover 2000-talet, og fyller fleire av konvensjonane til teen noir. På ein katolsk high school støyter forsøket til mobbeofferet og helten vår, Marty Mullen, på å slå gjennom som journalist i skuleavisa, i lag med ein konspirasjon mot den sitjande studentrepresentanten.

Mullen, som ein eigentleg antihelt, blir lurt av kvinner, får juling og blir hengt ut som løgnar, og kan i all enkeltheit minne om rollefiguren til Jack Nicholson i Chinatown for oss som ikkje er fullt så oppdatert innanfor film noir og neo noir.

Historia her gjer ikkje forsøk på å vere smartare enn ho er, men skal jo likevel vere litt lur, og fungerer flott. Med litt humor blir ikkje resultatet sjølvhøgtideleg og det faktum at Mullen står fram som både helt og antihelt, dum og i blant lur, gjer at det ungdommelege kjem fram, som ein person som stadig er i oppveksten.

Etter litt pirking kan nokon av karakterane i filmen trekkast fram for å vere litt for normale, eller anonyme, til å vere av særleg interesse. Dette er då likevel småtteri, og Assassination of a High School President var i all hovudsak ei positiv oppleving av ein film som gjekk meg hus forbi når han kom ut.

Assassination of a High School President 2008 plakat - Filmdagbok

Regi

Brett Simon

Manus

Kevin Jakubowski, Tim Calpin

Skodespelarar

Mischa Barton, Reece Thompson, Bruce Willis, Michael Rapaport, Kathryn Morris, Melonie Diaz, Josh Pais, Luke Grimes, Patrick Taylor (VI), Aaron Himelstein

Sjangrar

Komedie, Krim

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Assassination of a High School President

Forfattar