Assault on Precinct 13

I rekka med filmar av John Carpenter var det denne gongen duka for Assault on Precinct 13. Her er det ikkje snakk om Assault on Precinct 13 frå 2005 med Ethan Hawke, men den gode gamle frå 1976 laga på et relativt lågt budsjett.

Med 100 000 amerikanske dollar, ein nabo på rollelista og ei kjent stjerne innan blaxploitation-sjangeren blei altså denne politithrilleren laga. Me er i eit kriminelt lasta område av Los Angeles, viss politistasjon i distriktet er under nedlegging.

Det startar roleg, med musikk komponert av John Carpenter sjølv på lydsporet – som tydeleg bygg opp til noko. I løpet av den første delen av filmen blir me introdusert for personar som enten vil utløyse eller stoppe angrepet på politistasjonen seinare.

Under angrepet blir det servert mange heftige skytescener. Inntrykket av at ofra ikkje har kontroll på stasjonen gjer dette delvis uføreseieleg og spennande, trass i enkle verkemiddel. Samanlikna med det eg hugsa frå 2005-versjonen, som eg såg for eit og eit halvt år sidan, er det her større fokus på situasjon framfor heltane.

Fornøyeleg var det iallfall. Eg skal ikkje legge skjul på at eg har blitt hekta på John Carpenter den siste tida Sansen min for måten han lagar film på er nok med på å trekke dette opp.

Assault on Precinct 13 1976 plakat - Filmdagbok