Astérix: Le secret de la potion magique

Film · 2018 · · 30. juli 2021
4/5

Eg har tidlegare skrive at eg helst likar å sjå animasjonsfilmar med det opprinnelege lydsporet frå landet filmen kjem frå. Med Astérix: Le secret de la potion magique ville det ha vore fransk.

Men då sjansen endeleg baud seg til å sjå filmen, etter å ha hatt han på sjålista i nær tre år, så blei det med norsk tale. Greitt nok i grunn, er dommen etter å ha sett filmen. Det er ikkje godt å sei om det gjorde noko utslag, for meg blei dei norske stemmene anonyme nok til eg ikkje såg for meg bestemte norske skodespelarar.

Filmen startar med at Miraculix dett ned frå eit tre. Ikkje rart med tanke på måten han klatrar rundt på. Men fellet fører til at han skadar beinet sitt, og mistar trua på at han bør vere den einaste som kjenner til oppskrifta på styrkedrikken. Så startar jakta på ein arvtagar.

Kjenner du ikkje til Asterix, så er det ein langtlevande teikneserie om ein gallarlandsby som Cæsar og Romerriket aldri klarar å erobre. Nettopp på grunn av trollmannen Miraculix og landsbyens tilgong på ein styrkedrikk, som gjer dei uovervinnelege.

Undervegs i den enkle, men fine forteljinga me får servert er det fullt av ville sprell og morosame stunder. Det er drygt, festleg, overraskande og rikt på artige detaljar. Med andre ord ein midt i blinken animasjonsfilm, og akkurat så god som eg håpa på.

Les også meldingar på filmparadiset.se (svensk) og cinesthesiac.blogspot.com (engelsk).
Dette blogginnlegget har blitt nemnt på www.facebook.com. Gå dit for å like eller kommentere det.
IMDb-logo
Filmfront-logo
Astérix: Le secret de la potion magique 2018 plakat - Filmdagbok