Átame!

Ein yngre Antonio Banderas spelar kidnappar og eksmentalsjukehuspasient i Átame! av Pedro Almodóvar. Ein film om Stockholm-syndromet og kjærleik. Uhøyrt, men humoristisk i sitt bisarre opplegg.

Antonio Bandera spelar mot Victoria Abril, og begge briljerer i regien til Pedro Almodóvar. Dette er både spennande, sexy og ubehageleg frå minutt til minutt. Med unntak av den siste delen av filmen, då det er på tide å runde av. Der har eg problem med å bry meg meir, både på grunn av vendinga og den avslørande sagt det føreseielege.

Parallelt med kidnappinga følger me ein regissør i det som er hans sannsynlegvis siste innspeling. Og i mi interesse for film har film om filmskaping ein stor plass, også som del av historiene til filmar. Eg kunne tenke meg at det var eit større poeng i denne delen, men også dette blir utvatna mot slutten. Sannsynlegvis fordi det er meint å bygge opp rundt livet til den kvinnelege karakteren, først og fremst.

Eg visste lite og forventa lite av Átame! Men eg har sett filmar av Pedro Almodóvar før og hadde ei vag aning om kva stemning dette ville sette meg i, og kva slags kvalitet dette ville ha med tanke på regi og medfølgande skodespel. Og der innfridde aninga seg.

Átame! 1989 plakat - Filmdagbok