Atlantic Crossing

Serie · 2020 · · 15. mars 2021
3/5

I Atlantic Crossing følgjer me i hovudsak kronprisessa, kronprinsen og deira opplevingar under andre verdskrig. På den tida var Märtha kronprinsesse, og Olav var kronpris.

Miniserien på åtte episodar er basert på sanne hendingar. Han har som mykje anna då altså ein solid dose fantasi. Det er ein fiksjonsserie.

Kritikken var ikkje nådig mot serien når han kom ut. Det har slik sett vore greitt å vente litt med å sjå serien, for å få mesteparten av støyen som verserte i nyheitene på avstand.

Sett og vurdert som ein serie der nivå av sanning er uvesentleg, men også interessant for samtidig leiting av eigentlege hendingar i andre kjelder, så er Atlantic Crossing ein heilt kurant serie. Det er eit drama som dveler mykje på dei same poenga, både dei små i enkeltepisodar, men også på tvers av dei åtte episodane. Historien er derimot interessant, så det veg opp for noko.

At historien er interessant betyr at eg mest fekk lyst til å vite meir enn det tempo til denne serien kunne levere. Så trass i kurant underhalding, kjem det ikkje noko anbefaling frå meg på denne.

Les fleire meldingar på vestfroken.blogg.no (norsk) og oddiblogg.no (norsk).
IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
Atlantic Crossing 2020 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Kyle MacLachlan (I)Sofia HelinTobias SantelmannVis alle

Sjangrar

Land