Atlantis: Milo's Return

Film · 2003 · · 24. januar 2021
3/5

Atlantis: Milo's Return er ein skygge av sin forgjengar Atlantis: The Lost Empire. Trass i at eg har rangert desse to filmane likt, så er ikkje oppfølgjaren nær den første filmen. Det er stor forskjell både når det gjeld nivået på fortalte historiar, og på animasjonen.

I denne filmen er det tre historiar som laust har blitt fletta saman. På grunn av dette valet, framstår filmen meir som ein kort serie enn ein lang film. At kvaliteten på animasjonen ikkje er noko å skryte av, gjer at inntrykket av dette som nesten som ein serie blir forsterka. Det hadde gått greitt dersom forventingane var justert. Men eg forventa ein samanhengande film, og fekk det ikkje.

Eg går ikkje vidare inn på handling her, utover å nemne at Atlantis: Milo's Return har tre enkle historiar som føregår i vår verd. Ikkje i Atlantis. Eg har ikkje store innvendingar til desse historiane, dei er i og for seg gode nok. Og når eg var komme forbi den største skuffelsen over at dette ikkje var ein samanhengande film, så gjekk det greitt. Det er berre ikkje noko å anbefale vidare. Til det tilfører han ikkje nok til dette oppdikta universet.

IMDb-logo
Atlantis: Milo's Return 2003 plakat - Filmdagbok