Atlas Shrugged: Part I

Det Atlas Shrugged: Part I manglar av spesialeffektar du ikkje skulle lagt merke til, hentar filmen inn på god historie og gode poeng.

I påvente av videolanseringa av andre del blei det eit gjensyn av denne undervurderte filmen. Han er minst like god som første gang eg så han. Den visuelle biten kunne med fordel ha vore betre, og historia verkar svært forenkla samanlikna med boka. Det er såleis ikkje den beste produserte kinofilmen, men det gjer heller ingenting.

Taylor Schilling er minneverdig som Dagny Taggart, idealisten og forretningskvinna som me knyter oss til i eit kriseherja USA der staten stadig set restriksjonar mot det private.

Enkelte vil kanskje ikkje la seg fengja av drivkrafta hennar, og dermed vil helten bli skurken. Men for min del er dette både spennande og engasjerande, og eg klarer nesten ikkje vente på del to.

Atlas Shrugged: Part I 2011 plakat - Filmdagbok