Atlas Shrugged: Part III (2014)

Film / 12. januar 2015
3/5

Den siste delen av den Atlas Shrugged-filmtrilogien er som sine forgjengarar basert på det ypparste innan litteratur, men er heller røff i kantane når det kjem til det filmatiske.

Filmen tar for seg siste bit av boka Atlas Shrugged av Ayn Rand. For dei som er kjent med denne er det delen der Dagny Daggart har komme til Atlantis, og der John Galt held sin solide tale.

Komprimert til halvannen time film er det mykje som er borte, men og mykje bra som står igjen. Dialogen har klare og tydelege poeng, og lite tid blir kasta bort. Regien og etterarbeidet er det svake med filmen. Eg har sett dei fleste skodespelarane her gjere gode jobbar tidlegare, men her er det dessverre ikkje alltid så bra. Musikken, klippinga og den generelle tonen i filmen kjennest også billeg. Men så er filmen billeg produsert og siktar rimeleg høgt, så det er greit.

Eg har lese boka og har ingen problem med det som har blitt kutta ut og det som gjenstår. Filmen er ikkje boka, enkelt og greit. Men den generelle ideologien er forfriskande å oppleve som film.

I kva grad filmen har en fornuftig samanheng på eigne bein, og for dei som ikkje er mottakelege for rasjonelle idear, er ikkje for meg å avgjere.

Atlas Shrugged: Part III 2014 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Atlas Shrugged

Regi

James Manera

Manus

James Manera, Harmon Kaslow, John Aglialoro, Ayn Rand

Skodespelarar

Kristoffer Polaha, Laura Regan, Peter Mackenzie, Greg Germann, Larry Cedar, Joaquim de Almeida, Jen Nikolaisen, Rob Morrow, Eric Allan Kramer, Louis Herthum

Sjangrar

Drama, Mysterium, Science fiction

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Atlas Shrugged: Part III

Forfattar